hovedinnhold

Om prosjektet

Det norske LEXIN-prosjektet tek utgangspunkt i ein svensk ordbokserie med same namn. LEXIN-ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege innvandrarar med lita eller inga røynsle i bruk av ordbøker eller andre språklege hjelpemiddel.

Kyrkje-, undervisings- og forskings¬departementet var initiativtakar og oppdragsgjevar då det norske prosjektet tok til ved Norsk termbank (ein forløpar til Uni Research Computing) i 1996. Sidan har prosjektarbeidet halde fram same stad på oppdrag frå Nasjonalt læremiddelsenter (frå 1999) og Utdanningsdirektoratet (frå 2004).

I 2008 fekk prosjektgruppa for LEXIN Rosingprisen i språk frå Den norske dataforening og Språkrådet.

  • Prosjektleiar:
    • Tove Bjørneset, leksikograf/omsetjar
  • Prosjektmedarbeidarar:
    • Øystein Reigem, programmerar
    • Sindre Sørensen, programvareutviklar
    • Paul Meurer, programvareutviklar
  • Tidlegare prosjektmedarbeidarar
    • Nazareth Amlesom, omsetjar norsk—tigrinja
    • Vahid Anari, omsetjar norsk—persisk
    • Hatice Hale Mutlusoy Avløyp, omsetjar norsk—tyrkisk
    • Marianne Bakke, leksikograf/omsetjar norsk—engelsk
    • Kjersti Rongen Breivega, prosjektleiar/leksikograf
    • Ramin Darisiro, omsetjar norsk—kurdisk
    • Amor Alexis Andre De La Cruz, omsetjar norsk—tagalog
    • Eva Morken Endresen, leksikograf
    • Valentina Eremina, omsetjar norsk—russisk
    • Osman Guled, omsetjar norsk—somali
    • Nizar Hirori, omsetjar norsk—arabisk
    • Kai Innselset, leksikograf/omsetjar norsk—engelsk
    • Ampai Ruckchat Johansen, omsetjar norsk—thai
    • Gerd Jørgensen, svensk språkkonsulent
    • Bewar Kareem, omsetjar norsk—kurdisk
    • Rune Kyrkjebø, konsulent digitalisering og grafisk formgjeving av trykte utgåver
    • Anne Lindebjerg, konsulent digitalisering og grafisk formgjeving av trykte utgåver
    • Hemachandran Markandu, omsetjar norsk—tamil
    • Mojgan Panjshiri, omsetjar norsk—dari
    • Odd Kjetil Rangnes, leksikograf
    • Lidia Roland, omsetjar norsk—polsk
    • Salar Salih, omsetjar norsk—kurdisk
    • Shagufta Parveen Shah, omsetjar norsk—urdu
    • Phi Thuyen Thi Huynh, omsetjar norsk—vietnamesisk
    • Dhayalan Velauthapillai, omsetjar norsk—tamil
    • Ugnius Mikučionis, omsetjar norsk—litauisk
    • Win Maung, omsetjar norsk—burmesisk
  • Illustratørar norske bildeoppslag:
    • Håkon Lystad (1, 22, 23, 24, 25, 26, 27, 28, 29)
    • Ruilin Wang (2, 16, 18, 19, 20, 21, 32)
    • Trond Ivar Hansen (3, 4)
    • Cecilie Nygren (5, 6, 7)
    • Anette Kierulf (8, 9, 17)
    • Ken Martin Tvedt (10, 15a)
    • Caroline Kierulf (19, 20, 21, 31)
    • Oppslag 11, 12, 15b og 30 er lånte frå svensk LEXIN.
    • Oppslag 33 er laga etter idé frå svensk LEXIN.

Teknisk tilrettelegging for Internett og utvikling av eit pedagogisk brukargrensesnitt med interaktive koplingar mellom ord og bilde er utført av den norske prosjektgruppa.

Nordisk samarbeid

I Sverige tok Den svenske Skolöverstyrelsen (SÖ) i 1979 initiativet til å starte eit forskings- og utviklingsprosjekt med den målsetjinga å utvikle ordbøker som eigna seg betre for svenskundervising for minoritetsspråklege enn dei meir tradisjonelle ordbøkene. Bakgrunnen var den svenske Riksdagen si avgjerd om at det svenske samfunnet skulle arbeide for aktiv tospråklegheit og betre svenskopplæringa for innvandrarar. Prosjektet fekk namnet Språklexicon för invandrare (LEX-IN) og vart gjennomført i samarbeid med Statens institut för läromedel (SIL) og Statens invandrarverk (SIV). Det grunnleggande utviklingsarbeidet var fullført i 1984. Sidan 2007 har det svenske Språkrådet hatt hovudansvaret for svensk LEXIN.

Det som i kanskje særleg grad karakteriserer norsk LEXIN, er at kjeldespråkunderlaget er overført frå svensk til norsk og at vi har gjenbrukt svenske omsetjingar til andre språk. Når vi alle svensk–norske ekvivalensar var kartlagde og unikt koda, kunne vi lage elektroniske koplingar mellom det nye norske ordbokunderlaget og dei svenske omsetjingane til mange målspråk.

Den norske LEXIN-basen inneheld i dag over 36 000 ord (talet er basert på talet på oppslagsord, samansetjingar og avleiingar). Prosjektarbeidet er komplekst. For å sikre så god søkje- og redigeringsfunksjonalitet som råd, er det utvikla ein skreddarsydd applikasjon i samarbeid mellom programmerarane og leksikografane i prosjektgruppa. Denne applikasjonen er ein føresetnad for at alle prosjektmedarbeidarane skal kunne utføre sin del av arbeidet i den store og samansette datamengda på ein rask og driftssikker måte.

Heimesida til svensk LEXIN

Heimesida til dansk LEXIN