hovedinnhold

Om LEXIN

Velkomen til LEXIN!

LEXIN-ordbøkene inneheld mange bilde og er enkle å bruke. Dette gjer at også barn og personar som ikkje kan lese eller skrive så godt kan ha nytte av dei. Bileta er delte inn i 33 tema med titlar som «Familie og slekt», «Kroppen vår innvendig» og «Skule og utdanning». Alle opplysningane om eit oppslagsord står saman med oppslagsordet i ordbokartikkelen. Der finn du også opplysningar om kva ordklasse ordet tilhøyrer, enkle forklaringar og eksempel på ordet i vanleg bruk. I tillegg kan du sjå korleis du skal bøye og uttale ordet. Du kan også lytte til alt innhald på bokmål og nynorsk ved hjelp av talesyntese.

Kontakt oss gjerne på e-post dersom du lurer på noko eller opplever problem når du bruker LEXIN.