hovedinnhold

Om talesyntese

Lyd (talesyntese) for bokmål og nynorsk i LEXIN

Talesyntese

Teksten vert lesen med ei 'syntetisk' (kunstig) stemme. Teknologien for løysinga er eit produkt kalla leseWEB, frå selskapet VoiceASP AS. Lyden du høyrer kjem frå ein av VoiceASP sine serverar (tenarar). Røystene er laga av selskapa Acapela Group ('Kari' og 'Olav' for bokmål) og Lingit ('Inger' og 'Isak' for nynorsk).

Innstillingar

Du kan velje mellom kvinne- og mannsstemme. Dette gjer du frå knappen for innstillingar () oppe til høgre i skjermbiletet. Klikk på innstillingsknappen for å få fram denne boksen:

Nedst i boksen kan du velje om du vil ha kvinnestemme (F) eller mannsstemme (M).

I den same boksen kan du velje lesehastigheit (øvst). Det er mest aktuelt å velje mellom Normal og Lav (låg). Når hastigheita er Lav (låg), vert teksten lesen opp noko saktare enn vanleg.

Midt i boksen finn du òg ei innstilling for linekapasitet. Set innstillinga så høg som råd.

(Dersom internett-sambandet ditt er særs dårleg, kan det hende at teksten ikkje vert lesen opp, eller at berre starten vert lesen opp. Diverre hjelper det ikkje å endre innstillinga.)

Boksen har ei Hjelp-lenkje (), men den går berre til ei tom side. Hjelpa som finst, er den du les her.

Dersom du vil gjere boksen usynleg, klikkar du på innstillingsknappen () éin gong til.

Systemet hugsar innstillingane dine. Dersom du deler datamaskin med andre, og de har same brukarnamn, kan du få dei same innstillingane som brukaren før deg.

Systemet hugsar innstillingane dine frå gong til gong ved hjelp av såkalla 'informasjonskapslar' ('cookies'). Dersom informasjonskapslar er slegne av i nettlesaren din, greier ikkje systemet å hugse kva innstillingar du har gjort. Då får du i staden standard-innstillingane, som er ei kvinnerøyst med normal lesehastigheit.

Ingen lyd

Sjå til at lyden i datamaskinen din er slegen på, og at lydstyrken er passeleg.

Dersom du bruker Internet Explorer, kan det hende at noko av lyden forsvinn. Prøv då å klikke éin gong til. (Internet Explorer kan miste starten av den første lyden etter at du har gjort eit nytt søk, eller etter at du har bladd til ei ny side i søkjeresultatet.)

For deg som kjenner leseWEB frå før: leseWEB vert nytta på mange norske og nordiske nettstader. Dei aller fleste stadene kan brukaren sjølv velje kva for ein tekst som skal lesast opp ved å markere teksten og klikke på ein knapp for å spele av lyden. Dette passar dårleg for LEXIN sine søkjeresultat, då dei er ofte ei blanding av norsk tekst og tekst på andre språk. Dessutan inneheld teksten i LEXIN spesialteikn og ufullstendige ord som ikkje kan lesast opp nett slik dei står på skjermen. Vi har difor valt ei anna løysing for LEXIN: Kvart norsk felt har sin eigen høgtalar-knapp (ikon) () som les opp feltet. Det finst òg noko som i løynd gjer teksten betre eigna for opplesing.

Kvalitet

Det beste ville sjølvsagt ha vore at teksten vart lesen av eit menneske, men dette ville vorte for dyrt grunna det store innhaldet i LEXIN. Sjølv om den kunstige røysta vil kunne lese nokre få ord feil, trur og håpar vi at talesyntesen vil fungere godt for brukarane.

Dersom du oppdagar ord som vert lest opp feil, håpar vi du vil melde frå til oss, slik at vi kan informere leverandørane av talesyntesen om feilen. Hugs å oppgje om det er ei bokmåls- eller nynorskrøyst som gjer feilen, og om det gjeld manns- eller kvinnerøysta.