hovedinnhold

Om søk

Slik søkjer du etter ord i norsk LEXIN:



  1. Skriv inn ordet du vil søkje etter i søkjefeltet (det tome feltet).
  2. Trykk på søk-knappen.
  3. Dersom ordet du søkte etter finst i ordboka, vil det no kome opp informasjon om ordet på skjermen. Søkjeordet ditt er farga gult alle stader der det finst.
  4. Nytt: Før kunne du berre søkje etter norske ord i LEXIN. Frå februar 2018 kan du òg søkje etter ord på andre språk. Les meir om dette nedst på sida.
  5. Eit bilde-ikon bak eit ord tyder det at det finst eit bilde av ordet. Klikk på bilde-ikonet for å sjå bildet.
  6. Du får treff på alle orda i ordboka, og ikkje berre på oppslagsorda. Dersom du søkjer etter hus, får du treff også på husdyr og sjukehus.
  7. Du får treff også på bøygde former av ord. I tillegg til treff på vanlege oppslagsformer, som hus og katt, får du treff også på bøygde former, som huset, husa og katten, kattar, kattane.
  8. Dersom du søkjer etter ord på berre éin eller to bokstavar, leitar LEXIN berre etter oppslagsord som er skrivne heilt likt ordet eller bokstavane du søkte på.
  9. Du kan sjå opp til ti treff i gongen. Vi har prøvd å lage LEXIN slik at dei beste treffa kjem først.
  10. Dersom søkjemotoren i LEXIN ikkje finn noko, vil han i staden leite etter ord som liknar på det du skreiv, i tilfelle du har skrive feil. Då er det ingen gul farge i søkjeresultatet.
  11. Engelsk er lagt inn som tredjespråk og hjelpespråk i alle ordbøkene som går frå norsk til andre språk. Om du søkjer til dømes i ordboka Bokmål–urdu–bokmål, vil du sjå omsetjing til både urdu og engelsk. Dersom ordet du søkjer etter ikkje er omsett til urdu, kan du likevel få omsetjing til engelsk. Det er fordi det norske og engelske ordbokmaterialet er større enn ordbokmaterialet på dei andre språka i LEXIN.
  12. Dersom du søkjer i ei ordbok med norsk og eit anna språk, kan du no også søkje etter ord på det andre språket. Om du til dømes søkjer i ordboka Bokmål–somali–bokmål, kan du søkje etter somaliske ord. Du kan òg søkje etter ord på engelsk. Men om du heller vil søkje etter berre bokmålsord, eller berre somaliske ord, kan du velje dette med knappane under søkjefeltet.
  13. Dersom du får problem når du brukar LEXIN, kan det vere lurt å velje Hjelp i toppmenyen på framsida. Der kan du mellom anna lese om korleis du kan laste ned og installere fontar for tigrinja (tigrinsk) og kurdisk, i tilfelle datamaskinen din ikkje automatisk støttar desse.
  14. Kontakt oss gjerne dersom du lurer på noko eller opplever problem når du bruker LEXIN.